NM-Bankett Lørdag 30. mars

Postet av Ål IL den 25. Mar 2019


MEDLEMMER I ÅL IL : BLI MED PÅ NM-BANKETT MED ÅL-STEMPEL.

Ingen skal lure på kor dei er, når banketten går av stabelen i Hallingdal Feriepark. Her vil dei få servert både lokal mat, lokal underhaldning og lokalt produserte premiar. Kulturkommunen Ål har mykje å by på.

Kortreist mat kan vere fingermat frå Hallingdal, slik som Hallingtapas. Ål sine artistar i Norgestoppen som Stein Torleif Bjella og Darling West er òg naturleg å presentere når norgeseliten i skiskyting samlast til feiring her. Kongepokalvinnarane i dans Ingunn S Lie og Ulf Arne Johannesen toppar det heile saman med dronningfavoritten Cecilie Skrindo som spelemann. Etter banketten vil Hallingdal Feriepark by på «etterbankett» med Loveshack på scena.

Fleire vil slutte seg til tittelen kongepokalvinnar denne kvelden. Me skal dele ut kongepokal for både kvinner og menn, i tillegg til medalje- og premie-utdeling for normaldistansen på fredag og jaktstarten på laurdag. Mange spør seg om me får tid til eit «talk-show» med Stoltenberg og brørne Bøe ?

BANKETTEN ER OPEN FOR ALLE.

Bygdefolk og hytteeigarar kan tinge bankettbillett på Hallingbillett. https://www.hallingbillett.no/arrangementinfo.aspx?id=1433 eller kjøpe ved inngang. Her skal Ål vise at dei kan lage folkefest og set pris på skiskyttarane våre. Spørsmål kan rettast til tkleppen89@gmail.com eller mobil 99307215.



Levert av IdrettenOnline