NM-Bankett Lørdag 30. mars

Postet av Ål IL den 25. Mar 2019


MEDLEMMER I ÅL IL : BLI MED PÅ NM-BANKETT MED ÅL-STEMPEL.

Ingen skal lure på kor dei er, når banketten går av stabelen i Hallingdal Feriepark. Her vil dei få servert både lokal mat, lokal underhaldning og lokalt produserte premiar. Kulturkommunen Ål har mykje å by på.

Kortreist mat kan vere fingermat frå Hallingdal, slik som Hallingtapas. Ål sine artistar i Norgestoppen som Stein Torleif Bjella og Darling West er òg naturleg å presentere når norgeseliten i skiskyting samlast til feiring her. Kongepokalvinnarane i dans Ingunn S Lie og Ulf Arne Johannesen toppar det heile saman med dronningfavoritten Cecilie Skrindo som spelemann. Etter banketten vil Hallingdal Feriepark by på «etterbankett» med Loveshack på scena.

Fleire vil slutte seg til tittelen kongepokalvinnar denne kvelden. Me skal dele ut kongepokal for både kvinner og menn, i tillegg til medalje- og premie-utdeling for normaldistansen på fredag og jaktstarten på laurdag. Mange spør seg om me får tid til eit «talk-show» med Stoltenberg og brørne Bøe ?

BANKETTEN ER OPEN FOR ALLE.

Bygdefolk og hytteeigarar kan tinge bankettbillett på Hallingbillett. https://www.hallingbillett.no/arrangementinfo.aspx?id=1433 eller kjøpe ved inngang. Her skal Ål vise at dei kan lage folkefest og set pris på skiskyttarane våre. Spørsmål kan rettast til tkleppen89@gmail.com eller mobil 99307215.



Årsmøte

Postet av Ål IL den 11. Feb 2019

Ål IL sitt årsmøte skal haldast på Bråta onsdag 20. mars kl 19.00 

Vanlige årsmøtesaker. Sakliste og dokument på www.aalil.no 

Saker må sendast AU innan 1. mars til post@aalil.no  



På ski vinteren 2019

Postet av Ål IL den 6. Des 2018





Bli med på ski tysdagar i vinter! 
Oppstart 8. januar kl 18.00


- Tysdagsrenn på Bråta. For alle. 

  https://nb-no.facebook.com/tysdagsrenna/

 

 - Skileik / skitrening i skileikområdet på Liatoppen. For 1.-7. klasse. 

  https://www.facebook.com/Ål-il-Langrenn-175854542767063/

 
 
VELKOMEN! 



Norgesmesterskap 2019

Postet av Ål IL den 11. Sep 2018

Liatoppen treng friviljuge til NM i skiskyting.docx

På NSSF si heimeside finn me følgjande oppslag :

Norgesmesterskap 2019

Arrangørturnus

DatoNM ArrangørØvelser 
03.-06.01.2019senior del 1
Ål
sprint, fellesstart
 29.-31.03 2019senior del 2Ålnormal, jaktstart og stafett  
14.-17.03 2019juniorOrkdalfellesstart, sprint og stafett
 


Liatoppen skisenter, der Ål IL er medeigar og medarrangør
er altså tildelt NM i skiskyting.
Det blir behov for mange frivillige og du kan bli med på festen
ved å melde deg her: http://nm-skiskyting.idrettenonline.no/p/33397/frivillige

Har du spørsmål kan dei rettast til:
tore.boygard@sdsl.no
tkleppen89@gmail.com



Levert av IdrettenOnline